Peter Jebsen kjøper Blindheimselva i 1845 og skriv under på bonden sin rygg
Den 21 år gamle Peter Jebsen frå Slesvig i Sør-Danmark hadde budd i Bergen eit par år. Han hadde tru på at det burde vera mogleg å starta tekstilindustri her i Norge som elles i Europa.
Så ei søndag i 1845 går han over fjellet til Arna. Elva i Indre Arna var for flat, så han går utover Arnavågen. Der i denne skråninga der det berre beita sauer, oppdagar han elva.
Historia seier at bøndene som eigde elva og området rundt er i kyrkja i Haus denne søndagen. Peter Jebsen gjer seg til å venta til dei kjem over fjorden att. Han får kjøpa elva for 200 spesidalar, og han skriv under kontrakten på bonden sin rygg.