Gatemarknad på Torget i 2016

Ytre Arna endra karakter. Fabrikken som midtpunktet det meste dreide seg om, var borte. Men folk fekk arbeid i Indre Arna, på BMV på Hordvikneset, i Bergen, i olja.

Mykje av det som hadde særmerkt Ytre Arna heldt fram. Dei kulturelle bautaene Arne Musikforening og Arne Sangforening samlar folk til konsertar og syngespel i Kulturhuset Sentrum. Saniteten viderefører det over hundre år gamle arbeidet sitt.

Og nye friske pust kom til. Arne Musikforening tok i 2014 til å arrangere Ytre Arna-dagen der ein kunne mimre litt om det som var.

Og på Torget er det liv og røre når Brød og Sirkus inviterer til gatemarknad.