Ytre Arna i 2020. Foto: Stian Berger
Ytre Arna-samfunnet lever godt vidare utan fabrikkane som midtpunkt. Ja, tekstilproduksjon er det og. Dei siste restane av Arne Fabrikker vart nedlagt i 1998. I 2012 starta Oleana opp produksjonen av sine vakre klede, på samme staden som tekstileventyret starta. Så i berre 14 år var staden utan tekstilproduksjon.
Og Ytre Arna er eit livskraftig lokalsamfunn. Dei gamle fabrikkbygningane er fylt opp med mange småbedrifter. I Arna Industrihus er det over 100 leigetakarar, og i Arna Næringspark er det aktivitet i alle lokala.
Og, ikkje minst, det rike kultur- og organisasjonslivet er noko som særpregar staden og gjer Ytre Arna til ein god plass å bu på.