Frå sosialklubben på 1950-talet. Foto: W. Øybø

"Vingesuset av en ny tid. Arne Fabrikker innvier sin nye sosiale klubb". ""Tekstilarbeiderskene i Arna får sitt annet hjem" Dette var to av overskriftene i pressa då sosialklubben ved Arne Fabrikker åpna i 1946.

Sosialklubben var eit pionertiltak, truleg det einaste i sitt slag i landet. Tiltaket fekk stor merksemd i aviser og vekeblad.

Sosialklubben var eit fritidstilbod for dei mange einslege kvinnelege hybelbuarane ved fabrikkane. Seinare kom mennene med.

Ein sosialkonsulent skulle stå for leiinga av klubben. Fabrikken søkte etter ei "som ikke burde være for ung, men ha livserfaring og modenhet, men samtidig være ung av sinn og forstå unge mennesker".