Den første fagforeiningsleiaren Bastian Haugland

På slutten av 1800-talet hadde arbeidarar over heile landet begynt å organisera seg, og i 1900 vart Arne Arbeiderforening stifta. I 1908 meldte dei seg inn i Arbeidmandsforbundet. Den første formannen var Bastian Haugland.

Han var ein uredd talsmann for arbeidarane. Han vart straks etter oppsagt frå fabrikken. Arbeidarane såg dette som ei klar politisk oppseiing og prøvde å få forbundet si støtte til å få han tatt inn igjen. Dei lykkast ikkje med dette, og Bastian Haugland vart for alltid utestengd frå fabrikkane. Han livnærte seg seinare som slaktar og kjøpmann.

Fagforeininga ved Arne Fabrikker vart seinare eit midtpunkt for arbeidarrørsla i området vårt. Ved 1.mai-demonstrasjonane i Ytre Arna var som regel hovedtalaren ein av toppane i LO eller Arbeidarpartiet. Det er det framleis, mange tiår etter nedlegginga av Arne Fabrikker..