100-års jubileet for Arne Fabrikker i 1946

Ytre Arna var kledd i feststas ved 100-årsjubileet for Arne Fabrikker 17.august 1946.

Feiringa varte frå morgon til kveld med gudsteneste, utdeling av medaljer til 28 arbeidarar, avduking av monumentet av Jebsen-brørne og middag i Sentrum for innbedne gjestar.

Det heile blei avslutta med folkefest i Tuftadalen og fyrverkeri.