Kart over alle tekstilfabrikkane som sprang ut frå miljøet rundt Jebsen-brørne

Jebsen-brørne trekte til seg mange slektningar og venner til Ytre Arna og området rundt. Og dei neste tiåra etablerte desse slesvigarane, helst unge menn, tekstilfabrikkar i Salhus, Eidsvåg, Hop, Bergen, Trengereid, Dale, Samnanger, Berger i Vestfold. Fleire av dei hadde filialar i Sverige. På Espeland var det ein nordmann, Anton Stephansen som starta tekstilfabrikk, men han hadde arbeidd i ni år i Arne Fabrikker.

Bergensborgarane hadde nok med handel og skipsfart og let slesvigarane bygga tekstilfabrikkar.