Arbeidsstokken ved Arne Fabrikker i 1890
Framme til venstre ser vi m.a. direktør Johan Jebsen og doktor Henrik Krohn.
Nummer tre frå venstre i fremste rekke er Alois Frantzen, son til Hubert Frantzen, som var ein av dei første som kom til Arna Fabrikker.
Inne i flokken står Erik Brudvik som var med Peter Jebsen og rodde til Trondheim på salsturne i 1847.
Både kvinner og menn arbeidde i dei to fabrikkane, med ein liten overvekt av kvinner. Kvinnene med skaut er gifte, dei utan skaut er ugifte.