DNA æreslund for brutte løfter

Kampen mot nedlegging av Arne Fabrikker toppa seg i kampen for å bevara dei siste 165 arbeidsplassane.

Arbeidarpartiregjeringa ved industriminister Bjartmar Gjerde hadde garantert for desse arbeidsplassane. Det viste seg snart at denne garantien ikkje var verd papiret den var skriven på. Bjartmar Gjerde og Arbeidarpartiet vart hatobjekt nummer ein i Ytre Arna.