Vasshjul som dette vart brukt i Arne Fabrikker til 1898
Vatnet frå elva vart ført i lange trerenner ned til vasshjula. Dei kunne vera opp til 4 meter i tverrmål og ha 4 meter lange skuffer.
Frå 1850-åra vart det brukt vassturbinar i tillegg, og utover på 1900-talet vart maskinene drivne med elektrisk kraft.
Fabrikken bygde eige kraftverk i 1935.
Gammal teknologi med åpne reimer og akslingar
Vasshjula førde energien over til reimer og akslingar som dreiv maskinene.
Her måtte ein passe godt på. Hekta ein seg borti her var ulukka ute.