Peter Jebsen, Erik Brudvik og ein kar til ror til Trondheim på salsturne i 1847

Heilt i begynnelsen sleit Peter Jebsen med å få avsetjing på varene sine. Det var så kritisk for fabrikken at Peter Jebsen lasta ei jakt med varer og begynte på turen. Men det var vindstille, og han måtte returnera til Bergen. Der fekk han tak i ein seksæring, og sammen med eit par karar rodde han heile vegen til Trondheim. Han fekk seld varene, og det skal ha redda fabrikken.

Hadde framstøytet mot Trondheim ikkje lykkast, skal Peter og Johan Jebsen ha planlagt å legga ned drifta og reisa til Amerika.