Storheitstida for Arne Fabrikker og Ytre Arna-samfunnet

Rundt 1960 var det 1100 arbeidarar ved Arne Fabrikker, og Ytre Arna-samfunnet var i full blomstring.

Fabrikkane opparbeidde parkar, og gartnarar heldt dei ved like. På Arna Stadion vart det arrangert turnstevne og fri-idrettskonkurransar, og det gode fotballaget til Arna trekte hundrevis av tilskuarar. Kulturlivet blomstra med Arne Musikforening, Arna Mannskor og Arne Sangforening i spissen. Det var eit mangfald av butikkar og tenestetilbod på staden. Folk i bygdene omkring reiste like gjerne til Ytre Arna som til Bergen når dei hadde eit ærend.