Blindheimselva

Blindheimselva er ikkje blant dei mest spektakulære elvane i landet, men ho skulle koma til å bli historisk ved å gi kraft til det første mekaniske bomullsveveriet i Norge. Elva renn frå Gaupåsvatnet til Sørfjorden, er ein og ein halv kilometer lang og har eit fall på 66 meter.