8) Trelasthandel - Arna Trevirke AS, etter krigen

Så lenge ein berre hadde lager i Ytre Arna kom store delar av varene sjøvegen. I 1946 fekk firmaet kjøpe nokre bygningar som tyskarane hadde reist i Indre Arna under krigen. Desse blei brukt til lager. Trelasta kom no med jernbane, og blei lossa på gamle Arna stasjon og frakta til det nye lageret, men òg til Ytre Arna

Dei mange “sjølvbyggarhusa” som blei bygd på fabrikkstaden etter krigen og framover gav arbeid til Arna Trevirke. Snikkarverkstaden leverte vindu og dører medan byggmester Vevle og tømraravdelinga reiste mange av husa. I oktober 1948 døydde Alfred Vevle. Etter det ein veit var det ingen som tok over etter han og tømraravdelinga blei nedlagt.