7) Trelasthandel - Arna Trevirke AS, dei første åra

I ei av dei første annonsene frå 1938 og seinare i samtale med Frantzen, får ein innblikk i kva bedrifta kunne levere: alt i trelast, murstein, sand, sement, beslag og anna bygningsmateriell. Koks og ved var viktige produkt haust og vinter. På verkstaden laga dei bl.a dører og vindauge, men òg kjøkkeninnreiing.

Knapt to år etter oppstarten kom krigen. Det blei nedgang i byggeaktiviteten og vanskeleg med tilgang til bygningsmateriell. Nordvik reiste bl.a til Hallingdal for å få tak i trelast. Men at det var så vanskeleg at bedrifta måtte stele materialar var det ikkje. Likevel, midt under krigen, blei Arna Trevirke grunnlaust anmeldt for å ha gjort dette. Omtalt i Bergens Tidende 2. november 1942.