1) Vestlandske Betonbaatbyggeri AS - Innleiing.

Historien om verftet på Festtangen er kanskje ukjent for dei fleste. Dette er noko som gjekk føre seg mellom 1917 og 1919, d.v.s før Statens Husindustriskule blei oppretta. Her får du vite det viktigaste som skjedde. Alle svart/kvit-bilde er henta frå UIB Marcus/billedsamling.

I verdskrigen mellom 1914 og 1918 hadde mange skip gått tapt, og det var mangel på tonnasje og stål til å bygge nytt. Korleis erstatte nye båtar, men også tene pengar, vil eg tru var ein av grunnane til at Vestlandske Betongbaatbyggeri AS blei oppretta.
Det var personar i dei to byane Bergen og Porsgrund som gjekk saman om å etablere verftet. I Porsgrund Cementstøpeti hadde ein patent på å byggje betongbåtar med botnen opp. I Bergen var det ein skipsreiar, ein kjøpmann og ein overrettssakførar som skulle bli sentrale personar i utviklinga av verftsområdet.