1) Ytrearna & Koltveit Snikkarverkstad - Starten
Næringskartet over Ytre Arna viser at det var svært mange bedrifter på staden i 1950-åra. Fleire var små med berre få tilsette. Ei av desse bedriftene var Ytrearne & Koltveit Snikkarverkstad. Johannes Ytrearne starta i 1933 ein liten verkstad på Festtangen. Den heldt til i eit lite bygg som Vestlandske Betonbaatbyggeri AS hadde reist kring 1918. Denne bedrifta var for lengst konkurs og Johannes fekk leige bygningen. Her laga han møblar og anna som folk hadde bruk for.
1a) Ytrearna & Koltveit Snikkerverkstad - Utvidelse
Etter kvart som produksjonen auka, blei bygningen for liten. Det var m.a vanskeleg å få plass til nødvendige maskiner. I 1936 blei Kristen Koltveit Johannes sin svoger. Han var snikkar og dei blei einige om å driva verkstaden saman. Dersom den skulle ha noko framtid, trong ein større plass.Tomt vart kjøpt og eit nytt verkstadbygg blei reist det året. Det låg langs hovedvegen mellom Indre- og Ytre Arna, og har i dag adresse Ytre Arna-vegen 40.