6) Trelasthandel - Arna Trevirke AS, oppstarten

Det var viktig å oppretthalde ein trelasthandel i Ytre Arna. Straks etter konkursen til Arne Trælastforretning blei det derfor i august 1938 etablert ei ny bedrift for å halde fram med dette. Karane som stod bak var Martines (“Tines”) Nordvik, Lars Aasheim og Alfred Vevle. Dei fekk overta konkursbuet frå banken, gjekk inn med kr. 8.000,- kvar og starta Arna Trevirke AS.

Alle tre hadde arbeida hos Anders Koppen & co. Nordvik helt frå 1912 og blei derfor dagleg leiar, men fekk òg ansvar for trelasthandelen. Aasheim hadde fem års erfaring frå den gamle trelasthandelen og fekk ansvar for snikkarverkstaden. Byggmester Vevle leia tømraravdelinga. Ein annan person som blei tilsett heilt i starten og som skulle bli ein viktig mann for bedrifta i mange år fremover, var Ragnar Frantzen.