3) Trelasthandel - AS Norsk Trævirke, den nye bedrifta
Arne Trælasthandel gjekk i 1919 saman med AS Træindustri frå Fotlandsvåg under det nye namnet AS Norsk Trævirke. Den nye bedrifta hadde lager og fabrikk i Fotlandsvåg og lager i Ytre Arna. Hovedkontoret var i Bergen, først i Olav Kyrresgate 49, seinare i Vaskerelven 39. Anders Koppen var ikkje involvert i drifta, men dreiv for seg sjølv som byggmeister.
Den nye bedrifta dreiv med trelast og bygningsmateriell. Dei laga òg vindauge, dører og trapper på fabrikken. I ei annonse i Gula Tidend frå januar 1920 les ein at firmaet også kan levere “Ferdige stovehus og barakkor”. I 1922 blei kontoret flytta til Ytre Arna. Året etter i 1923, blei firmaet avvikla og Arne Trælastforretning blei re-etablert i Ytre Arna på slutten av året. Anders Koppen blei på ny dagleg leiar.