5) Vestlandske Betonbaatbyggeri AS - Konkurs.
Det første teiknet på at ein hadde problem ved verftet er kanskje å finne i seks likelydande annonser i Bergens Tidende i mai 1919. Her vil ein selje to nye båtmotorar til under fabrikkpris. Desse skulle truleg nyttast i båtar ein hadde planlagt å byggje framover i 1919, men slik gjekk det ikkje.
Det viste seg at interessa for betongbåtar av ulike årsaker ikkje var så stor som ein trudde. Dei økonomiske problema blei for store og i september/oktober var det slutt. Det blei akkordforhandlingar, skiftesamling og auksjon over buet. Gjennom fleire år var det skiftesamlingar før Bergen Skifterett i september 1927 opplyste at konkursbuet var avslutta.
På denne tida i 1927 var Statens husindustriskule, som kjøpte bygningane til verftet, på veg inn i sitt åttande skuleår på Festtangen. Historia om skulen kan du sjå undet “Utvikling av lokalsamfunnet + Skule og barnehage”.