2) Vestlandske Betonbaatforening AS - Etablering.

I april 1917 kunne ein sjå ei annonse med overskrift « Aktieinbydelse», med ei orientering om formålet med selskapet. Litt seinare, den 11. mai blei Vestlandske Betonbaatbyggeri AS oppretta. Kontor og administrasjon heldt til i Bergen, men kvifor blei Festtangen utpeika som det beste området for etablering av båtbyggeriet? Ivar Aasgaard, forretningsmannen frå Ytre Arna er kanskje svaret på det. Han vart seinare varamann til styret, var lokalkjent og visste sikkert til planane om verftet.

2a) Søknad etter folk og utstyr i Bergens Tidende i 1917 og 1918

Ein hadde store planar og søkte etter ulike fagarbeiarar men også utstyr ein trong til produksjonen. Til slutt var arbeidsstokken på 70 - 75 arbeidarar og mange av desse var lokale.