9 Trelasthandel - Arna Trevirke AS, vegen vidare og dei siste åra
Kring 1960 blei lageret i Ytre Arna rehabilitert/fornya, men ikkje snikkarverkstaden. I 1962/63 kjøpte bedrifta sin første lastebil, ein blå Bedford TK. Før det hadde Rolf Rønhovde, Sigmund Langeland og Gregorius Henriksen køyrt for bedrifta.
I 1965 var Tines Nordvik 70 år og slutta som dagleg leiar. Son hans, Hans, som starta i bedrifta kring 1940, tok då over. Han og Ragnar Frantzen “styrte butikken” i lang tid framover.
I 1966 gjekk fleire trelastbedrifter på vestlandet, også Arna Trevirke, saman om å etablere firmaet HIBA. Dette var ei bedrift som utvikla ulike typar hus og hytter. Desse blei selde gjennom trelastbedriftene, komplett ferdig. D.v.s i tillegg til å selja trelasta til bygget, så hadde Arna trevirke også ansvar for alt av tømrararbeid, elektrikar- og rørleggerarbeid.
I 1967 blei snekkerverkstaden nedlagt.
Ytre Arna var ikkje lenger den mest sentrale plassen for ei trelastbedrift. Bedrifta flytta derfor i 1992 til lageret dei hadde i Indre Arna. Dette var same året som Hans Nordvik slutta som dagleg leiar. I Indre Arna dreiv ein nokre år før bedrifta blei selt til AS Aksel Bruvik på Storaneset omkring 1997/98.