2) Ytrearne & Koltveit Snikkarverkstad - Reklame

Med god plass over fleire etasjar kunne ein auke produksjonen. I tillegg til å lage møblar produserte ein også skap og benkar til kjøkken og vidare også diverse produkt som Arne fabrikker nytta i sin produksjon. Produkta blei stort sett selde i Haus herred med omland samt i Bergen.

På same måte som i dag var det også i 1930-åra viktig å gjere seg kjent for potensielle kundar. Våren og sommaren 1939 hadde ein derfor fleire gonger annonser i Bergens Tidende i tillegg til ein artikkel med omtale av verksemda. Artikkelen slutta med at ein “har kunnet glede sig ved en stadig stigende omsetning”. Eit år seinare kom krigen, og dei neste fem åra var vanskelege. Det var bl.a ikkje like lett å skaffe materialer som før.