3) Vestlandske Betonbaatbyggeri AS - Bygningsmassen.
Før ein kunne starte produksjonen av båtar måtte det etablerast produksjonshallar og ulike verkstader samt lagerareal til trevirke, stål og sement. Det vart også oppført ein kontorbygning, ein direktørbustad og hus til arbeidarane. Eit eige bygg til kolfyrt generator som produserte straum til lys og maskiner blei også oppført.
Sør på tomta vart det støypt store betongbeddingar for produksjon av båtar opp til 1000 t.dw.
På bildet ser ein dei to store produksjonshallane, verkstedsbygget og eit bilde frå 2023 som viser kontorbygningen til verftet.