3) Ytrearne & Koltveit Snikkarverkstad - Vegen vidare

I 1953 døydde Kristen Koltveit. Johannes dreiv då verksemda vidare under same namnet fram til 1958. Det året leigde Johannes Dalland bygget og dreiv det som Ytre Arna Snekkerverksted. Johannes arbeidde der framleis, men no som tilsett. Det var ikkje berre snikkararbeid ein dreiv med, også møbeltapetesering måtte til i forbindelse med møbelproduksjon. Ein som arbeidde med dette på 60-talet var Gerhard Skjelvik.

I 1967 overlet Dalland verkstaden til Lars Aasheim og søner. Dei dreiv vidare som Ytre Arna Snekkerverksted og heldt til i bygget til 1972. Det året flytta dei til Ytre Arna, i lokale til det som tidlegare var ullvarefabrikken til Arne Fabrikker

I Ytre Arna-vegen 40 hadde ein seinare dess leigetakarane: Frå 1980, byggmester Sigmund Kalvik som leigde 1. etasje under eige namn, mens Bjørn Steinar Waage heldt til i kjellaren under namnet Waage Snekkerverksted. Frå 1982 leigde Ole Magne Fosse 1. etasje og dreiv med plastproduksjon medan Waage heldt fram i kjellaren.

Frå 1986 leigde Waage både kjellar og 1. etasje fram til 1989. I 1990 leigde Sølvi Markhus desse lokala og dreiv verkstaden som Sølvi Markhus Snekkerverksted ut 1995. Etter dette har bygningen vore utleigd i periodar som lager.