5) Trelasthandel - AS Arne Trælastforretning, avvikling
I juli 1936 omtalar avisene ei konflikt ved bedrifta. Det omhandlar løn og underbetaling av 30 arbeidarar. Desse var organisert, det blei mekling med forbundet, og konflikta blei løyst. I 1937 oppstod det ny konflikt om det same som året før. Også denne gongen blei det ei løysing.
Bedrifta hadde fleire store oppdrag i 1930-åra. Ombygging av internatbygget på Festtangen i 1932, og seinare i 1935/37, var ei av desse. Om det var desse store prosjekta eller andre årsaker som gjorde at Arne Trælastforretning gjekk konkurs veit ein ikkje. I slutten av mai 1938 ba kreditorforeininga i Bergen kreditorar melde sine krav. Heldigvis var det folk i bedrifta som ynskjer å satse på nytt. Les vidare så får du vite meir om dette.