Andre bedrifter.

Bildet viser eit næringskart over store og små bedrifter i Ytre Arna på 50-talet. Ytre Arna var "byen" og her hadde ein det meste.

Utanom fabrikken, Arne Forbrugsforeining og G. Aasgaard AS fanst det ei mengd ulike bedrifter. Dei fleste er no borte men i dei gamle lokale til ullvarefabrikken (Arna Industrihus) og bomullsvarefabrikken (Arna Næringspark) er det mange nye bedrifter.

I denne bolken "Andre bedrifter" vil ein fortelje om nokre av dei gamle verksemdene men også nokre som eksisterer i dag.

Den første bedrifta me startar med heldt til på Festtangen, der ein bygde betongbåtar i gamle dagar - Vestlandske Betonbaatbyggeri AS. Deretter følgjer historia om Ytrearne & Koltveit Snikkarverkstad. Etter kvart kjem det fleire forteljingar om ulike bedrifter.