Andreas Eides eftf. , Olisen i Haugavegen.

Filialen Andreas Eides eftf. starta opp i Haugavegen før århundreskiftet. Ole Rolland vart tilsett i år 1900. Etter han vart butikken kalla "Olisen". Ole Rolland ser vi på bildet til venstre.

På bildet i midten står Kjell Rolland som overtok som styrar der i 1944 etter faren. Vi ser på dei tomme hyllene at dette må vere under krigen.

På bildet til høgre tilsette ved Olisen. Frå venstre: Maria Rolland, Anna Pettersen, Kjell Rolland og Gunvor Mjelde.