Flatbrød-Leiv.
"Flatbrød-Leiv" vart frontfiguren i reklamen for Arna Flatbrød. Ideen og utkastet kom frå den yngste sonen til Ivar Aasgaard, Sverre Aasgaard. Han var reklameteiknar og omkom i kamp mot den tyske krigsmakta ved Skjervet i april 1940.
Flatbrød-Leiv i motstandskampen.
Reklameteiknaren Per Holck forandra under krigen det tradisjonelle slagordet til Flatbrød-Leiv "Jeg gleder meg" til "Vi gleder oss", noko som bar tydeleg bud om at frigjeringa skulle komme.
Dette likte ikkje tyskarane og gjekk til angrep på Flatbrød-Leiv ved å forsøke å latterleggjere han.