"Bye sin haug". Denne haugen blei riven då Bomullsfabrikken blei utvida på 1930-talet.
Den første som dreiv handel på den nye fabrikkstaden, var Peter Jebsen sjølv. Han hadde eit rom i Langebygningen der han selde varer. Han hadde og eit bakeri på den andre sida av vegen med ein tysk bakar.
Erik Ivarsen Bye var og tidleg ute. På denne haugen sette han opp ei lita handelsbu der han selde ulike småvarer som brød og tobakk.
Dette er den første opptakten til handel i Elvæ.