Aasgaardbilane til Sigmund og Kristian Langeland.

Frå 1936 var brørne Sigmund og Kristian Langeland sjåførar på G. Aasgaard AS sine varebilar. Rundt 1950 starta dei sitt eige transportfirma og hadde all køyring for bakeriet, flatbrødfabrikken og butikkane.

Dei køyrde og "turbilar" både sommar og vinter, først og fremst for personalet til G. Aasgaard AS. På dei to bilda til venstre er Ytre Arnafolk på tur med ein slik bil.

Til høgre står Sigmund Langeland sin bil på Festplassen i Bergen.