Oppstarten av G. Aasgaard.

Gudmund Aasgaard grunnla G. Aasgaard i Ytre Arna i 1875. Han døydde alt to år etter, og svogeren Andreas Eide dreiv forretninga heilt fram til 1902.

Dei første bygningane.

Desse bygningane nede ved sjøen nord for bomullsvarefabrikken vart avertert til sals i 1875.

Eigedomen bestod då av to bygningar. Det hadde vore gjestgiveri og bustader og drive handel her , og i kjellaren var det eit lite bakeri.