8) Filial I med nybygg oppført i 1962.
I 1938 etablerte foreninga eit mindre utsalg dei kalla Filial II. Det heldt til lenger innover vegen, i huset til urmakar Haukaas-Eide. I 1940 blei det slutt med utleige til pensjonatdrift i hovedbutikken på Leitet. Då vart andre etasje innreia til manufaktur- og skoavdeling samt kontor mens tredje etasje blei bustad for bestyrar og bakar. I 1947 var det slutt for Filial II då huseigar sjølv skulle nytta lokala. Ein starta opp igjen denne nokre år seinare og då nærmare Sletta, i huset til Ole Langeland. Filialen blei nedlagt i 1958.
I 1958 åpna Arna Samvirkelag si første avdeling utanfor Ytre Arna, på Arnatveit. Her var det grodd fram eit lite samfunn rundt verksemda Arna Bruk.
På slutten av 1950-talet var det behov for større areal på Leitet. Eit nybygg inntil Filial I stod derfor klart i november 1962. Jernvareavdelinga flytta då frå leigde lokale i Trygstad og inn i første etasje. Manufakturavdelinga flytta frå andre etasje i det gamle bygget og over i same etasje i nybygget. Det frigjorde plass til garderobe, spiserom og kontor.