16) Utviklinga frå 1975 og fram mot 2000.

På Nyborg blei butikken frå 1969 utvida som DOMUS og gjenåpna i november 1976.

Frå 1977 og utover 80-talet blei det utført rehabilitering og ombygging av dei fleste mindre filialane til laget.

I mai 1985 blei det åpna endå eit senter i Åsane, Arken. Konkurransen auka og nokre av filialane måtte avvikle (Gaupås og Salhus) i desember 1988. På same tid vart TV og el-avdelinga samt manufaktur avvikla i Ytre Arna.

I oktober 1992 vart det vedtatt at Arna og Åsane Samvirkelag skulle bli del av Bergen og Omland Samvirkelag. Fleire lag gjorde truleg det same og det nye namnet blei Forbrukarsamvirke Vest. Dette året var laget 125 år og utgav eit jubileumsskrift ført i pennen av Arnold Nævdal

I september 1993 blei butikken på Garnes endra frå S-Marked til Coop-Prix. Året etter, i februar 1994 skjedde det same i Ytre Arna og ein fekk Prixèn

I august 1994 var det slutt for butikken på Espeland og Arnatveit, inntjeninga var for dårleg.

I 1996 blei S-Marked i Ådnamarka til Coop-Prix. Det var stor frustrasjon i lokalmiljøet då butikken alt i februar 1998 blei nedlagt.