2) Første huset foreninga fekk reist i 1872.
Den første butikken var i eit hus nede ved sjøen der Peter Jebsen tidlegare dreiv handel og bakeri. Ein fekk overta bakeriet mot at bakar Pettersen som no dreiv der blei tilsett som første bakar i foreninga. I 1872 blei lokala for små og det vart sett opp eit nybygg med bakeri i kjellaren.
2a) Butikk og fabrikkbygningar 1944
Nybygget frå 1872 blei fleire gonger endra, først i 1880 med eit to-etasjes tilbygg og seinare i 1898. I 1909 blei bakarovnen ombygd frå vedfyring til kolfyring og bakeriet blei utvida. Under krigen blei det installert ny elektrisk bakarovn.