5) Nybygget på Leite åpna i mai 1921.
Ein nærmar seg 1920. Både utsalget på Leitet i den gamle hestestallen og hovedbutikken ved sjøen var no gamle og ikkje så godt tjenelege lenger.
Konkurrenten, G. Aasgaard AS, hadde ein stor og meir moderne handelsbygning ved sjøen. Foreninga hadde alt ved 50-års jubileet i 1917 starta arbeidet med nybygg og i 1919 var økonomien sikra. Det blei reist eit tre-etasjes bygg som åpna 3. mai 1921. Det blei kalla “Filial 1” og inneheldt butikk i første etasje. Andre- og tredje etasje blei leigd ut til pensjonat. Den gamle butikken på Leitet blei då nedlagt.
Heilt frå oppstarten i 1867 skulle alt salg skje mot kontant betaling. Dette viste seg vanskeleg å få til, og det blei innført kreditthandel. Med lite arbeid i fabrikken hadde folk ikkje pengar til å betale, og kredittsalget førte til problem og tap. Alt tidleg i 1870-åra prøvde ein å få slutt på dette uten å lykkast. I 1925, nokre få år etter at nybygget på Leite åpna, nådde ein toppen med kr. 92.000,- som uteståande. Dei økonomiske vanskane var då så store at det blei søkt om akkord.