9) Styret måtte ta stilling til viktige saker i 1950-åra.
Tidleg i 1950-åra blei det endeleg ein avtale mellom foreninga og fabrikken om tidlegare tvistar. Ein blei omsider einig om kompensasjon for tap av veg ned til bryggja. Denne mista ein under krigen då bomullsveveriet blei forlenga. Ein fekk også av fabrikken kjøpe tomteareal (884m2) på Leitet. Dette omfatta Filial I og areal nord og sør for bygget.
I 1954 blei Arne Forbruksforening omgjordt til aksjeselskap og fekk det nye namnet Arna Samvirkelag. Dette året blei laget innmeldt i Norges Kooperative Landsforening-NKL (nå Coop NKL BA) etter meir enn 30 år med diskusjon og avklaringar.
På slutten av 1950-talet blei det oppretta ein avdeling på Arnatveit og seinare i Ådnamarka.
Dette året, 1954 blei det reist eit lagerbygg sør for butikken på Leitet. Forretningen blei ominnreia til "snarkjøpsbutikk". Det gamle utsalget ved sjøen (frå 1872) blei nedlagt på hausten dette året.