11) Arna og Åsane Samvirkelag frå januar 1965.

Ein er komen til 1960-åra. Det var ikkje berre i Ytre Arna (og Arnatveit) det var samvirkelag. Fleire av bygdene i Arna hadde oppretta eigne lag. I 1962 diskuterte styret i Arna Samvirkelag om ein burde slå seg saman med andre lag for å styrke konkurranseevna og ein såg og mot Åsane.

Dette blei ein realitet frå 1. januar 1965 då desse laga slo seg saman:

Arna Samvirkelag (etabl. 1867), Samyrkelaget Samhold i Salhus (1915), Åsane Handelslag (1920), Espeland Samvirkelag (1935) og Garnes Samyrkelag (1945)

Det nye navnet blei Arna og Åsane Samvirkelag.

Laga på Haukeland og Gaupås blei ikkje med i samanslutninga i denne omgang men Gaupås kom til seinare i 1976.

Bakeriet til det nye laget heldt framleis til i kjellaren i gamlebutikken i Ytre Arna, ved sjøen men blei nedlagt i 1966. Det var ikkje populært blant mange kundar. Martensbrødet som no var å få kjøpt var ikkje så godt som brødet frå det gamle bakeriet meinte dei.

I mai 1969 vart den største butikken til Arna og Åsane Samvirkelag åpna på Nyborg i Åsane. Den gamle butikken til Åsane Handelslag blei for liten. Hausten same året åpna ein også utsalget i Ådnamarka i Indre Arna.