1) Den gamle hestestallen til Peter Jebsen blei frå 1868 nytta som utsalg oppe på Leite.

Samfunnet i Ytre Arne i tidlege tider skilte seg på fleire måtar frå bygdesamfunnet omkring, der ein stor sett levde av det gardene gav. På fabrikkstaden produserte dei ikkje noko utover tekstil, alt de trong til det “daglige brød” måtte kome utanfrå.

Mykje blei kjøpt av bønder frå omkringliggjande bygder, men folk trong også kaffi, sukker, fint mjøl o.a. Det var derfor tidleg fleire som dreiv handel på staden, også Peter Jebsen. Frå midt i 1850-åra blei det i Noreg nokre stader starta lokale foreiningar og samkjøpslag. Eit anna ord for dette er samvirkelag og dei hadde bl.a som mål å forbetre folk sin økonomi. Det var i den engelske byen Rochdale ein først starta opp med dette. Desse første laga fekk ingen langvarig betydning.

Også i Ytre Arna fekk ein interesse for dette prinsippet. To av fabrikkens funksjonærar, bokhaldar Christian Ruus og rekneskapsførar Henrik Evje sendte våren 1867 ut eit opprop til arbeidarane om å starte ei forbruksforeining. Responsen var positiv, laget fekk namnet Arne forbruksforening og blei stifta kort tid seinare det året.