2) Fiskematbutikkar: Arna Fiskematforretning, oppstarten
Tidleg i 1930-åra var det ingen butikk i Ytre Arna som var spesielt retta mot fiskemat. Det må det bli ei ordning på tenkte den 25 år gamle Alv Rivenes. I 1931 starta han Arna Fiskematforretning og dreiv den i lag med kona Ingebjørg. Dagleg fersk fiskemat - saltfisk - grønnsaker reklamerte han med. I 1942 flytta familien Rivenes til Osterøy for å overta eit småbruk, og forretninga blei selt.
Om Arna Fiskematforretning alt frå starten heldt til i Liavegen 4 (no Nordstrandvegen 4) der han seinare i 1950-åra var lokalisert veit ein ikkje.