Dagny Sletten L/L
Innover Peter Jebsens veg kunne du handla det meste. Hos Dagny Sletten kunne du kjøpa Napoleonskaker frå Smith Sivertsen og servelatpølsa var det Bye&Opdahl som besørga. Snopet i krukkena bak og på disken var uimotståeleg og freistane for skuleungar på veg heim. I butikken fekk du også kolonialvarer, frukt og grønnsaker, steintøy mm.
I unge år arbeidde Dagny hos Arne Forbrugsforening, men ville starta noko for seg sjølv. Den 21 september 1932 blei firmaet Dagny Sletten L/L registrert hos sorenskrivaren i Nordhordland og frå 1933 var det full aktivitet i butikken. Ho hadde god hjelp av mannen Eirik Arne og saman dreiv dei butikken i nærmare 40 år. I Bygdanytt 10. november 1972 takkar dei alle kundar som hadde handla i butikken, ein epoke var over.