3) Fiskematbutikkar: Arna Fiskematforretning, vidare drift

Det var Johan Fjellanger som kjøpte butikken og blei den nye “fiskemannen” til Arna Fiskematforretning. Han utvida sortimentet til sal av alle sortar fisk og sild. Omsetninga var aukande, og ved fiskerasjoneringa i 1944 var storparten av folket i Ytre Arna kundar i butikken. Kring 1950/51 blei forretningen utvida med nye spesialmaskiner og ovnar og var godt rusta for framtida. Dette var viktig fordi Johan hadde ein konkurrent oppe på Leitet, fiskehandlar Johs. Valestrand.

3a) Fiskematbutikkar: Arna Fiskematforretning, avvikling

I oktober 1953 døydde Johan Fjellanger, men drifta av butikken heldt fram. Ein finn fleire annonser i Bygdanytt frå åra 1954 og 1955. Også i 1956 var det drift og i ei annonse for julefisken i Bergens Arbeiderblad blir folk oppmoda til å vere tidleg ute med bestillingane. Her les ein at forretningen også hadde filial på Sætre. Det nærmar seg slutten for forretningen, og kanskje var 1956 siste året med handel? I ei annonse frå våren 1959 prøver ein å selje Arna fiskematforretning. Truleg blei det ikkje handel, og butikken blei nedlagt.