4) Fiskematbutikkar: Fiskehandlar Johs. Valestrand

I desember 1950 finn ein ei annonse der Johs. Valestrand reklamerer for julefisken. Om dette var første året han dreiv fiskehandel i Ytre Arna er ukjent. Stort sett gjennom heile 50-talet heldt han til i eit lite skur på torget på Leitet. Med denne plasseringa var han nok ein lei konkurrent til Arna Fiskematforeretning som heldt til nede i Liavegen 4 (no Nordstrandvegen 4)

I Bygdanytt frå desember 1960 les ein at fiskehandlar Johs. Valestrand var flytta, no heldt han til i lokalet til det tidlegare meieriet. På den gamle plassen hans på Leitet var det byggjearbeid dette året. Leite Handelshus skulle få nytt lokale på grunn av Arne Fabrikkers storsatsing, nybygget Arnegården. Derfor måtte Johannes flytte til kjellaren i bedehuset. Kanskje var det også andre grunnar, t.d. større og betre lokale? Ein veit at han heldt til her i 1972, men om dette var siste året eller om Valestrand dreiv vidare er ukjent.