Andre butikkar
Bildet viser eit næringskart over store og små bedrifter og butikkar i Ytre Arna på 1950-talet. Ytre Arna var “byen” og her hadde ein det meste.
Det var mange butikkar innan ulike bransjar. Alle, bortsett frå Prixèn (som i gamle dagar heitte Arne Forbrugsforening) er no borte. I denne avdelinga “Andre butikkar” vil ein fortelje historia til nokre av desse. Ein startar med dei to fiskematbutikkane ein hadde på staden.